Tysdag dukka den 114 meter lange båten opp i Odda.
«Les Grand Bleu» er den 17. største private yacht'en i verda, og er i eige av Evgeny Schvidler, ifølge Hardanger Folkeblad.
Med ein seglbåt og ein cabincruisar blant lettbåtane, syner den store blå båten at den står i særklasse.
Den vitja Kvinnherad på måndag, noko avisa Kvinnheringen noterte seg på sine nettsider. Dei skriv at det er uvisst kven som er om bord i båten på denne turen.
I følgje nettleksikonet Wikipedia er «Les Grand Bleu» eigd av den russiske forretningsmannnen Evgeny Shvidler, som skal ha overteke båten etter Roman Abramovich. Han er i sin tur er mest kjend utanfor Russland for å eige den engelske fotballklubben Chelsea. Båten er bygd i Bremen i Tyskland og vart sjøsett i 2000. (ANB)